Tilbake til alle arrangementer

Police Story

  • Verdensteatret 93 Storgata Tromsø, Troms, 9008 Norway (kart)

Etterforskar Chan Ka-Kui og fleire av kollegaene hans i Hongkong-politiet driv ein desperat kamp mot ein narkotikaliga leidd av den søkkrike forretningsmannen Chu Tao. Under ein større politiaksjon vert fleire ligamedlemmar arresterte, men viktige bevis forsvinn, noko som fører til at alle vert sette fri.

Kevin får deretter i oppdrag å vera livvakt for sekretæren til bandeleiaren Salina, som er eit viktig vitne og siste utveg for å få has på leiaren. Men når vitnet forsvinn, finst det ingen bevis for å halda Chu, og han vert sett fri. Chu set deretter i verk ein vendetta for å få Chan dømt for mord. Chan hamnar på rømmen og må raskt finna vitnet for å verna henne og samtidig bevisa si eiga uskuld.

Sidan utgjevinga har Police Story ofte vorte oppført som ein av dei største actionfilmane. Filmen vert òg rekna som ein av dei beste kampsportfilmane. Som med mange andre filmar med Jackie Chan inneheld også denne betydelege mengder med orientalsk kampkunst, akrobatikk og spektakulære actionscener. Den vert spesielt hugsa for den spektakulære biljakt-sekvensen og oppgjeret på kjøpesenteret. Chan utførte sjølv mange av stunta og skreiv også filmens manus (saman med Edward Tang).

Don’t be a cop if you want to live to 100!

POLICE STORY
GING CHAAT GOO SI
Hong Kong 1985
Regi: Jackie Chan
Medv: Jackie Chan, Brigitte Lin, Maggie Cheung
Spilletid: 100 min
Språk: Kantonesisk (engelsk tekst)
Aldersgrense: 15 år
Omtale: Henrik Elman

Trivia
Det vart brukt så mykje glas at mannskapet byrja å kalla filmen «Glass Story».

Tidligere arrangement: 14. mars
Stemple Pass
Senere arrangement: 19. mars
Film- og TV-quiz