I kolgruveregionen i Pennsylvania drikk Wanda Goronski konstant for å stengja problema i livet hennar ute. Etter å ha forlate mann og barn, søv Wanda på sofaen til søstera (når ho ikkje ligg med den siste som kjøpte ein drink til ho) og er arbeidsledig utan langsiktige jobbmoglegheiter. Drikkinga hennar og livet i kombinasjon har gjort henne til ei kvinne fri for kjensler.
Livet hennar endrar seg når ho møter Norman Dennis i ein bar. Ho trur først at han er bartender, men i røynda er han kriminell. Sjølv etter at ho har lært Mr. Dennis å kjenne og sjølv om han behandlar henne dårleg, går ho villeg saman med han og brotsverka hans som ein måte å komma seg gjennom livet på.
Sjølv om Wanda vann prisen for beste utanlandske film under filmfestivalen i Venezia i 1970 vart den lite anerkjend i USA. Først i seinare tid har filmen vorte vurdert til eit meisterverk. Wanda er Barbara Lodens indieklassikar som dekonstruerer den amerikanske draumen i ein roadmovie som var føre si tid og har vorte hylla verda rundt og inspirert filmskaparar i eit halvt århundre.
“I don’t have anything. I never did have anything. Never will have anything.”
WANDA
WANDA
USA 1970
Regi: Barbara Loden
Medv: Barbara Loden, Michael Higgins
Spilletid: 103 min
Språk: Engelsk (norsk tekst)
Aldersgrense: 15 år
Omtale: Henrik Elman
Trivia
Filmen vart produsert av til saman fire personar.
