Tilbake til alle arrangementer

The Missile

  • Verdensteatret 93 Storgata Tromsø, Troms, 9008 Norway (kart)

Niina Kuittinen (Oona Airola) er småbarnsmor, har ein valdeleg eks-partnar, og er i beit for arbeid. Det høyrest ikkje nødvendigvis ut som introduksjonen til ein sjarmerande forviklingskomedie, men bland inn lokalavisjournalistikk, stor-politikk, ein sovjetisk missil på avvege, det beste 1984 kan by på av popmusikk og hockeysveis, og Nord-Finsk kultur – då sit han som ei kule.

Regissør og manusforfattar Miia Tervo tar på elegant vis utgangspunkt i ei faktisk hending der sovjetisk marine greidde å skyte ein missil inn i Finland (via Pasvik) i romjola i 1984, og skildrar med overtyding det kaoset det lagar på den elles avmålte og trauste Nord-Finske landsbygda. Desse omstenda gjev den ferske lokalavisreportaren Niina sjansen til å ta eit oppgjer med alle rundt henne som ikkje har trua på henne.

Kritiske merknadar peikar på at filmen sjangermessig er korkje fugl eller fisk – korkje drama, komedie eller kald krigs-thriller. Medan dei positive omtalane av filmen mellom anna dreg fram kameraarbeidet og skodespelarprestasjonen til hovudrolleinnehavar Oona Airola – ho vann Dragon Award Best Acting på Göteborg film festival i 2024 for tolkinga si av Niina.

Filmen vises i samarbeid med Ladaklubben ved UiT.

- Skal vi danse?
- Du vil få det meste ut av livet før en atomkrig, ikke sant?

THE MISSILE
OHJUS
Finland/Estland 2024
Regi: Miia Tervo
Medv: Oona Airola, Hannu-Pekka Björkman, Pyry Kähkönen, Emma Kilpimaa
Spilletid: 114 min
Språk: Finsk (engelsk tekst)
Aldersgrense: 12 år
Omtale: Åsne Ø. Høgetveit

Trivia
I eit intervju med Variety uttala Miia Tervo at om ho ikkje hadde byrja arbeidet med The Missile før Russlands storskalainvasjon av Ukraina, så hadde han kanskje aldri vorte noko av.

Tidligere arrangement: 22. november
S.O.S. Nordpolen (35mm)
Senere arrangement: 28. november
SLC Punk! (Gratis visning)